Og eg innser at ein kan alltid bli litt meir lukkeleg enn ein fyrst trudde. Og alt fordi ein person har forandra livet mitt. Ein person som forandra grått og sort til ein fortryllande blanding av raude fargetonar. Eg treng ikkje photoshop for å gjere fargane tydeleg lengre, dei er der frå starten av. For kvar ein dag som går, blir eg litt meir forelska. Ei vakker kjensle som sprer varme i meg, som fyllar meg opp, heilt opp, med glede. Eg blir fortrylla av det vakre som er deg. Eg blir fortrylla av smilet ditt, av augane dine. Av deg.
Ei kjensle av at vi er noko, at vi er saman. At du og eg er eit fellesskap, og det skal alltid halde ved lag. Eg kan kjenne hjartet mitt banke, det bankar så mykje at eg er sikker på at alle kan sjå det. Det bankar av lukke, lukke på grunn av deg. Mitt hjarte som no ikkje er grått, men knallraudt etter å ha blitt dyppa i vakre raude fargar på grunn av din kjærleik.